No kjem me heim!!
Då er tre månadar gått, tre månadar med latter, tre månadar med tårer, tre månadar med bedriten musikk, tre månadar med lengsel, tre månadar med nye opplevingar, tre månadar med nye mennesker. Det har vore ei minnerik tid, og ein spesiell praksis. Om me har fått utført like mange prosedyrar osv som dei heime veit eg ikkje, men at me har lært ein heil mykje, det er sikkert. Til dømes at tryggleik er viktig for god sjukepleie visste me godt, men her nede har me verkeleg fått sjå kva manglande tryggleik kan gjer med ein pasient. Og det gjer noko med oss.
Eg har lenge kvidd meg til å bli ferdig utdanna, men no kjenner eg meg full av iver etter å få jobbe under skaplege forhold der me jobbar mot eit felles mål. Dog det er no læringa byrjar, tenk..me er ikkje studentar lenger..
Dei siste dagane har me nytta på Zanzibar, fattigdommen her slo mot oss, strendene forsøker å kompensere for dette, og dei greier det berre nesten. I dag byrjar heimreisa, me kryssar fingrar og tær for at den skal gå så knirkefritt som mogleg.
Takk for oss, og for fine kommentarar undervegs!

Eg gledar meg slek til å sjå dykk alle att!!!!
Klem frå Anja
mammao
09.jun.2011 kl.10:29
Gledar oss heise te å sjå atte deg og,
velkommen ska du vera!!!
Mammao:)
Mari
09.jun.2011 kl.10:42
Cathrine
09.jun.2011 kl.12:43
Karin
09.jun.2011 kl.22:45