Klokka er sju på morgon, i ein hiace set det 11 trøtte, men spente vesen. Me skal på safari! Ingen dyr i bur, ingen mating eller dilling ? men ville dyr, på deira heimebane! Etter ein times tid er me ved immigrasjonskontoret, papir og pass må vere i orden. Me vert henta i ein liten båt som skal føre oss over til Botswana, eit stykkje ut på vatnet peikar kapteinen til venstre ?this is Zimbawe?, deretter rett fram ?this is Botswana? og til høgre ?this is Namibia?
I det me byrja å køyre innover i Botswana er alle ivrige og klare for å sjå dyr. Me ser geiter og kyr langs vegen, nett som heime. På vegen høyrer ein: oi, oi kva dyr er det? Geit? Hund? Nei det er eit menneske. Anne-Malene er gjerne litt for ivrig!
Botswana er eit fint land, me vart fortald at dei var gode på mat der, og det var ganske korrekt. Me fekk kaffi og muffins før turen gjekk vidare ut på Chobe river. Me var blitt fortalt at hippoen hadde tippa ein båt da det var lite vatten i elva, så dette var spennande. Me byrja å fortelje ?kapten mutaa? kva dyr me ville sjå. Det enda med at me fekk alle ynskja oppfylt. Me såg elefantar som var nede og drakk vatten, me såg bøffel, krokodille som var 3 meter mellom augene!, og hippoar (der såg me berre øyrene). Etter ein vellukka safarifangst gjekk turen innatt på basen der me fekk ein god lunch. Deretter gjekk turen inn i chobe national park. Det byrja med at me fekk sjå to av the ugly five, gribben og pumba, eller vortesvin på fint! Etterpå fekk me innføring av Mutaa om korleis me skulle te oss i møte med dyra, det skulle ikkje vere nokre høge lydar, ingen blits, sitte i ro i bilen. ?And if we all smile, we are going to have a good time? Herleg fyr!
Det var heilt sprøtt å sjå alle desse dyra tett på, det kom nokre gisp frå bilen når me såg dei ulike artane for første gang. Eine elefanten hadde sett seg fa#n på eit tre, ei sleke gnuing. Me stoppa opp for å sjå nærare på denne seansen, elefanten tek tak i busker å sleng rundt seg med snabelen ? ser heilt uverkeleg ut. Så trampar han mot oss, og sjåføren vert nok litt nervøs han òg, å kveler bilen i eit forsøk på å forflytte oss. Då steig pulsen til dei fleste av oss. Me set stille å berre ser på denne doningen som står nokre få meter frå bilen, alle er stille.. Endeleg roar dyret seg, og Mutaa startar bilen att. Me vart litt skremde, det er verkeleg alvor dette.
Me ser ei ape i toppen av tre, dette tyder at det er løver i nærleiken ? i tillegg observerar Mutaa løvespor på bakken. Spenninga stig, skal me endeleg få sjå dei?! Me køyrer ned mot elva, og der under eit tre ligg det fem fine løvinner. Det kom ikkje eit gisp ein gong frå bilen. Dei ser dovent opp på oss, den eine røyser og ingen i bilen trekk pusten i gong. Den tek eit par steg før den veltar over på sida, kunne ikkje brydd seg mindre om oss ?musongoane? som stirrar dei i senk nokre meter frå dei.
Resten av dagen køyrde me rundt, nasjonalparken er 11 700 kvm så det mykje å fare over. Me avsluttar dagen med solnedgang i Chobe River, kontrastane frå dyra er nydelige. Mørket kjem fort i Afrika, så det bar av garde til campen vår. Telta sto ferdig oppsett, stolane sto i ein ring kring bålet. ?Welcome Home?, seier Mutaa. Heimen vår det neste døgnet, midt blant alle dyri..jaggu ikkje lenge sidan me såg både sjiraff og elefantar. Om natta høyrer me hyenen som ler i det fjerne, som også er blant dei ugly five. Klokka fem på morgonen vart me vekt til ein lettare frukost, før me for vidare på morgonsafari. Målet med den var at me skulle sjå kattene, dette resulterte i at me berre såg sjakalen.
Kom attende til leiren til ein fantastisk brunch, før me for utatt på ein ny tokt. Denne gongen såg me hippoen, med hippoonge som sto å åt. Dette er eit veldig sjeldan syn, då dei ligg for det meste under vannskorpa for å skjerme seg frå sola.
Når me forlot parken og hadde asfalt som underlag såg me noko i vegkanten, der sto ein skokk med elefantar og det var heilt merkeleg å sjå dei så malplasserte. Plutseleg stoppa det ein bil og avfyrte skot, dette var truleg vegtrafikkpolitiet som ville skremme dei vekk frå vegen. Her skjer det fleire trafikkuhell med påkjørsel av elefantar, takkar oss til hjorten.
Over grensa igjen, inn i hiacen sovnar fleire av oss. Det har vore eit intenst døgn, sjølv om nokre av oss har faktisk duppa litt av i safaribilen ? sprøtt å opne augo å sjå rett på ein sjiraff ? heisann!
Takk for oss!
- Eli, Anne-Malene og Anja
(det let seg diverre ikkje gjere å laste opp bilete)